Hopp til hovedinnhold

Kristin Lavransdatter og Landslova

Olsokforedrag med professor i rettshistorie; Jørn Øyrehagen Sunde, i Aulaen på Domkirkeodden 28. juli 2024 kl. 18.00

Norsk mellomalderrett som litterært verktøy i Kransen av Sigrid Undset

Sigrid Undset var ein særs dyktig rettshistorikar, med inngåande kunnskap om norsk mellomalderrett. I Kransen, fyrste bind i trilogien om Kristian Lavransdatter, vert Undset sin rettshistoriske kunnskap voven saumlaust inn i romanen. Undset brukar Landslova og anna mellomalderrett både som bakteppe, som handlingsdrivande element, og for å understreka romankrakterane sin personlegdom.

Jørn Øyrehagen Sunde

(f. 1972) tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, vart same året professor i rettshistorie der. Han var 2002-2020 forskar ved museet Baroniet Rosendal, var mellom 2008 og 2010 professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen, har sidan 2019 òg vore forskar ved Nasjonalbiblioteket, og vart same året tilsett som professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde har publisert sju bøker, redigert ytterlegare 13 bøker, publisert 83 fagfellevurderte artiklar og bokkapittel, har tre gonger fått førelesarprisen ved Det juridiske fakultet, fekk i 2012 Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen ved Universitetet i Gent for framifrå rettshistorisk forsking.

Billetter

Foredraget koster kr. 150,- per person. 

Billetter kjøpes online på forhånd, eller i døra om det er igjen plass.